Klimakteriehäxan: Veckans selfie v. 12: Vårkänslor
heggen med tre som der blomar var på eg atter såg bløma.
Enno ein Gong fekk eg isen at sjå frå landet at fljota,
snjoen at bråna, og Fossen i å at fyssa og brjota.
Graset det grøne eg enno ein gong fekk skoda med blømar;
enno eg høyrde at vårfuglen song mot sol og mot sumar.
Smågiddren endå meg unntes at sjå på vårbakken dansa,
fivreld at fløksa og fjuka ifrå, der blomar seg kransa.
Alt dette vårliv eg atter fekk sjå, som siden eg miste.
Men eg er tungsam og spyrgja meg må: tru det er det siste?
Lat det so vera: eg myket av vænt i livet fekk njota;
meire eg fekk en eg havde fortent, og alting må trjota.
Eingong eg sjølv i den vårlige eim, som mætter mit auge;
eingong eg der vil meg finna ein heim og symjande lauga.
Alt det som vøren imøte meg bar, og blomen eg plukkad',
federnes ånder eg trudde det var, som dansad' og sukkad'.
Derfor eg fann millom bjørkar og bar i vøren en gåta;
derfor det ljod i den fløyta eg skar, meg tyktest at gråte.